Hjartdal kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 1590
Fylke: Telemark

Presentasjon av Hjartdal kommune

Vurderer du å flytte til Telemark? Hjartdal har et trygt og godt oppvekstmiljø, gode skular og full barnehagedekking.

Flybilde Hjartdal
Flybilde Hjartdal

Det er trygt å byrje i fyrste klasse, anten det er i Tuddal, Hjartdal eller Sauland skule. Felles ungdomsskule ligg i Sauland. Godt skulemiljø og høg kvalitet er noko som gjer at barn og ungdom trivst på skulen.

Det er dagligvareforretning i alle tre bygdene, bensinpumper og byggevare i Sauland og Tuddal, og butikk med husflid og gaver i Tuddal. I Sauland er det m.a. bank, frisør og tannlege og det lokale lensmannskontoret har opent to dagar i veka. Det finnast også fleire spisestader/catering i kommunen, Tuddal Høyfjellshotel, og Norbø Pensjonat. Til Oslo køyrer du på ca. 2,5 timar.

Flott natur i Hjartdall
Flott natur i Hjartdall

Kommunen har mange flotte idrettsanlegg. I Sauland og Hjartdal er det fotballbane med grasdekke og i Tuddal har dei den største typen ballbinge på 20 x 40 meter med kunstgras. I Hjartdal ligg Bjødrebakken kor du kan hoppe 40 meter om du vil! Alle bygdene har lysløype, og dei er flittig bruka av dei lokale idrettslaga og turgåarar. Aktivitetane varierar frå bygd til bygd, men vi kan nemne nokre som ski, fotball, bryting, barneidrett, Røde Kors, ungdomsklubb, sangkor, revy, helselag, ,bygdekvinnelag, husflidslag og kulturskule og m.m.
For den som likar å fiske, er det gode moglegheitar både sommar og vinter. Det er vakker natur og mange tilrettelagde turstiar og skiløyper for den som ønskjer det. Gaustatoppen er kommunens mest kjende fjell som er eit mål for både innbyggjarar og turistar.

Naturbilde Hjartdal
Naturbilde Hjartdal

Det er alltid ei utfordring å flytte til ein ny stad.
Om du ønskjer det, kan du få personleg svar på spørsmål ved å vende deg til:
Næringssjefen: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen / Telefon 35 02 80 11.
Avtal tid for personleg møte.

 

Kilde; www.hjartdal.kommune.no

 

 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet