Lærdal kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 2195
Fylke: Sogn og Fjordane

Presentasjon av Lærdal kommune

E-post Skriv ut
Flytte til Lærdal? Velkommen til kommunen mellom fjord og fjell! Kontrasten mellom den flate dalbotnen og dei stupbratte fjella, med fjorden som strekkjer seg innover i det grøne landskapet er noko av det som gjer naturen her inne så spesiell.

Lærdalselva
Lærdalselva

I Lærdal er me vande med å ta i mot reisande, og me reknar oss for å vera godt vertskap. Den viktigaste og mest nytta ferdslevegen mellom Bergen og Oslo har alltid gått gjennom Lærdal. Dette vitnar i dag fire parallelle vegar frå ulike tidsepoker om.
Om lag halvparten av dei 2150 innbyggjarane våre bur i kommunesenteret Lærdalsøyri. Her var det frå gamalt av ein strandstad, og heilt frå vikingtida, og fram til i dag eit viktig knutepunkt. Det aller meste av den dyrka jorda ligg i dag på flatene oppover dalen Lærdal og Borgund. Her er og busetjinga konsentrert.

Ærverdig gate, Lærdal
Ærverdig gate, Lærdal

Eit aktivt og levande kulturliv er viktig for at ein stad skal vera god å bu på. Lærdal kommune satsar på næring tufta på kultur. Mellom anna vert det lagt ned mykje ressursar i å få meir liv i gamlegata og få opp aktiviteten i det gamle trehusmiljøet på Øyri.
Me har eit rikt lagsliv. Unge og eldre er aktive innan musikk, song og idrett. Me har ein stor kommunal kulturskule, ungdomsklubb, kino osb.

Koselig i Lærdal
Koselig i Lærdal

Lærdal har som kraftutbyggingskommune kunna tilbydd innbyggjarar og etablerarar gunstige vilkår. Tre kraftstasjonar produserar store menger e-kraft frå delar av Lærdalselva sitt nedslagsfelt.
Viktige arbeidsplassar er også kommunal forvaltning, Lærdal sjukehus, Telenor si nummeropplysning 1881, bygg og trevare, handel osb.

Me byggjer ei moderne notid og framtid på gammal historie.

Velkomne til Lærdal!


Kilde; www.laerdal.kommune.no

 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet