Høyanger kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 4250
Fylke: Sogn og Fjordane

Flytte til Høyanger kommune?

Vurderer du eller ynskjer du å flytte til Vestlandet? Å bu i Høyanger kan være et godt val! Høyanger kommune ligg på begge sider av den om lag 18 mil lange Sognefjorden, den lengste og djupaste fjorden i verda.

 

Arrangement
Arrangement

Kommunesenteret Høyanger er eit moderne industrisamfunn med ca 2 500 innbyggarar. I Høyanger finn ein eit breitt spekter av ulike verksemder, offentlege etatar og tenestetilbod lokalisert konsentrert i sentrumskjerna. Både butikkar, skular, bibliotek, kino, hotell, kafear og fylkets flottaste badeanlegg - Høyangerbadet, ligg innanfor ein gåavstand på 5 min.
Dei vakre bygdene Ortnevik, Bjordal, Lavik, Vadheim og Kyrkjebø på begge sider av Sognefjorden ligg i omgivnadar som lokkar turistar til Noreg. Her finn ein fjord, fjell, skog, vatn og ikkje minst rikeleg med plass til å nyte livet.

Parken
Parken

Kommunesenteret, tettstadane og bygdene rundt er alle aktive lokalsamfunn med stor breidde i aktivitetstilbod. Du finn alt frå tradisjonelle kunstformer som korpsmusikk og idrett, til hardtslåande rockarar og tenorsongarar av høg klasse. Vinterstid er det stor aktivitet på skisenteret Siplo både i alpinbakken og i langrennsløypene. Her blir også telemarksrennet Langhamrane Ned og skibestigningsrennet Tealøpet arrangert kvart år.
Elles i året er det stor aktivitet i IL Høyang sine ulike lagidretts- og friidrettsgrupper. I juni er det tid for Gøyanger og då spesielt manndomsprøven Trappeløpet, kor løparane skal først opp dei 1268 trappetrinna langs røyrgata i fjellsida.

Turn
Turn

I Høyanger kommune kan du velje å bu sentral i idyllisk småhusbebyggelse, i einebustad langs Sognefjorden, i leilegheiter med panoramautsikt eller i ein realisert draum om eige gardsbruk.

Ta gjerne kontakt om du vil vite meir!
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Tlf. 57 71 15 00
www.hoyanger.kommune.no

Ski Høyanger
Ski Høyanger

 

 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet