Fjaler kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 2885
Fylke: Sogn og Fjordane

Flytte til Fjaler kommune?

Ynskjer du å flytte til Vestlandet? Velkommen til Fjaler – ein kommune midt i verda!

Stemningsbilde fra Fjaler
Stemningsbilde fra Fjaler

Eit rikt organisasjonsliv med allsidige kultur og fritidstilbod og med gode skular og barnehagar i nærmiljøet gjer Fjaler til ein god og trygg stad å vekse opp og bu i.

Aktivitetar på Dingemoen
Aktivitetar på Dingemoen

Folk i Fjaler er stolte av sin eigen kultur og vil gjerne ta vare på den, men samstundes har Fjaler lange tradisjonar for å opne seg mot omverda og ta imot framande menneske og framande kulturar. Røde Kors United World College (www.uwc.no), Nordisk Kunstnarsenter (www.nkdale.no) og europeisk utvekslingsprogram for ungdom ( www.aktivungdom.eu ) gir Fjaler ein internasjonal dimensjon og etablerer eit unikt nettverk. Her ligg ein kime til spennande etableringar (www.fnu.no)

Fritida mi
Fritida mi

Jakob Sande (www.jakobsande.no) voks opp i Dale og vart ein av Noregs mest folkekjære diktarar. Han skreiv om Vesle Daniel som drog ut i verda og som kom heim ”og hadde sett meir enn jordiske flest”. I dag har Vesle Daniel lånt namn til eit stor, internasjonalt utvekslingsprogram  for ungdom (www.vesledaniel.no) Han står som eit symbol for alle fjalerungdommar som reiser ut og kjem att, men også for dei ungdommane frå meir enn 80 ulike land som til ei kvar tid bur i Fjaler(www.uwc.no). Dette mangfaldet av ungdommar er i høg grad me på å gjere Fjaler til ein spennande, open og inkluderande kommune.

Dans utan grenser - Fjaler juni 09
Dans utan grenser - Fjaler juni 09

Dette vert også spegla i kommuneplanen der det gode liv og eit ope samfunn er to av innsatsområda. Eit godt liv kan vera god folkehelse, gode tilbod innan skule, barnehage, SFO og kulturskule,  godt tilrettelagt bustadtilbod, attraktive friluftsområde, aktive grendelag og allsidig kulturliv. Eit ope samfunn kan vera inkluderande medborgarar og mogelegheit for å dyrka sine interesser. Attraktive stader gjev rom for at dei som bur der kan vera med å delta i samfunnet. I Fjaler vil du ha ein følelse av å vera med !

Tekstforfatter; Ingeborg Tysnes, Fjaler kommune
 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet