Du er her: Forside

Pressemelding KRD; Vekst i folketalet i 311 kommunar

I fjor hadde 311 av 430 kommunar vekst i folketalet (frå og med 2012 er det 429 kommunar i landet). Dette er éin kommune meir enn i 2010 og – samanlikna med talet på kommunar – det høgste nokon gang i perioden 1951–2011.

Alle fylka hadde vekst i folketalet. Av dei minst sentrale kommunane i landet hadde 97 av 177 kommunar vekst i folketalet i 2011. Dette er det same som i 2010, men til dømes 65 fleire enn i 2006. Som for dei to siste åra var det òg samla sett vekst i folketalet i dei minst sentrale kommunane.

Flyttestraumane går i fleire retningar, til dømes frå sør til nord, byområde til distrikt og omvendt. Ofte er desse flyttestraumane jamstore.

– Eg gler meg over at veksten i befolkninga kjem i heile landet, frå storby til småsamfunn, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Innvandringa stod for vel 70 prosent av folketalsveksten på landsbasis. Om lag 60 distriktskommunar opplevde vekst i folketalet i 2011  på grunn av innvandringa.
– Me ser at den positive utviklinga med vekst i befolkninga i heile landet held fram. Innvandringa betyr mykje for veksten i dei minste kommunane i Noreg, seier Navarsete.

For det distriktspolitiske verkeområdet var flytteoverskotet på snautt 6 400 personar, etter at 68 036 hadde flytta inn og 61 660 flytta ut.

 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet