Du er her: Forside

Pressemelding KRD; 12 kommunar skal vere med i satsinga ”Bustadetablering i distrikta”

Pressemelding fra Kommunal- og regionaldepartementet 26/4-11;

Seljord, Granvin, Ullensvang, Flatanger, Grong, Hitra, Herøy, Gildeskål, Sørfold, Hasvik, Tolga og Balestrand skal vere med i Kommunal- og regionaldepartementet si nye treårige satsing ”Bustadetablering i distrikta”.

Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 82 søknadar.

- I dei kommunane som får vere med, er det eit breitt engasjement og bustadarbeidet er godt forankra. Alle er i gong med bustadpolitisk planlegging. Dei har presentert ei rekkje tiltak ein kan prøve ut det nye tilskotet på, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Ein viktig del av satsinga er kunnskapsutvikling og kompetanseheving. Kommunane som har fått avslag på å vere med i prosjektet, vil få tilbod om å følgje satsinga tett. Husbanken vil mellom anna  sende ut nyheitsbrev og halde fleire erfaringskonferansar.

82

 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet