Du er her: Forside | Oppland | Sel | Presentasjon
Sel kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 6005
Fylke: Oppland

Presentasjon av Sel kommune

Velkommen til Sel kommune. Sel kommune med Otta by er regionsenter for Nord-Gudbrandsdalen/Nasjonalparkriket med ca 6.100 innbyggjarar.


Kommunen ligg sentralt plassert midt mellom Trondheim og Oslo. Otta  fekk formell bystatus 26. august 2000. Otta har gjennom fleire år vore kalla ”byen ved Rondane” og ”bilbyen Otta”

Av eit areal på 881 km2 er 4 % jordbruksareal, 25 % produktiv skog og resten for det meste snaufjell. Store delar ligg i Rondane nasjonalpark, og andre delar som Heidal med sitt unike kulturlandskap og 9 freda gardsanlegg og over 90 freda hus er innfallsport til Jotunheimen. Kommunen har 10 fjelltoppar på over 2000 moh, den høgaste er Rondeslottet er 2178 m.

Parken på Otta

Sysselsettinga fordeler seg slik: jord- og skogbruk 12 %, industri, handverk, bygg og anlegg 23 % og servicenæringar 65 %. Reiseliv, handel og offentleg sektor med m.a. skular og helsetenester utgjer størstedelen av servicenæringane. Sel kommune har ca 2000 hytter. Kvart år nyttar fastbuande og turistar seg av dei mange turtilbod som finst i distriktet. Med Rondane, Dovrefjell og Jotunheimen nasjonalparkar innan rekkevide for dagsturar eller lengre turar gir dette tilbod i flotte område til alle årstider. Sjoa er kjent som ei av verdas beste elver for rafting.

Av dei største bedriftene med 50 – 100 tilsette er AIT-Otta, Gilde HedOpp, Killi Bilsenter AS, Nor-Dan AS, Opplysningen AS, Nord-Gudbrandsdal vgs avd. Otta og Skifer og Naturstein. Otta har kjøpesenter og mange andre butikkar, elles er det handelstilbod i Heidal og på Sel.

Pillarguritoppen, desember 2007

Kommuneplan for 2005 – 2017 har denne visjonen:
Sel kommune skal være en kommune der innbyggerne har gode levekår og føler tilhørighet
Sel kommune skal være et samfunn for alle der åpenhet og toleranse står sentralt

Kommuneplanen har følgjande mål:
Videreutvikle Otta som by, kommune- og regionsenter
Positiv befolkningsutvikling
Tilrettelegge for at Sel kommune skal være en god kommune å bo i
Opprettholde og videreutvikle gode levevilkår
Ivaretakelse av miljøet

Høst i Rondane

Kommunen har eit rikt kulturliv med ca 100 lag og foreiningar som gir eit aktivt fritidstilbod innan idrett, sang og musikk m.m. Den kommunale kulturskolen gir eit breitt tilbod. I 2007 blir ungdomsmusikalen Hair framført med om lag 100 ungdommar som aktørar frå heile regionen. Riksteateret har framsyningsstad på Otta, og det er både kommunal kino og bygdekino her. Årleg er Kristinfestivalen på Sel i juli, Open helg i Heidal og Pillarguridagane på Otta i august og Ottamartna’n i oktober.
 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet