Ørskog kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 2135
Fylke: Møre og Romsdal

Presentasjon av Ørskog kommune

Ørskog kommune ligg sentralt til på nordsida av Storfjorden som er eit bindeledd mellom dei ytre kyststroka og dei indre fjordbygdene på nordre Sunnmøre. I kommunesenteret Sjøholt møtest Rv 650 frå fjordbygdene og E39/E136 som fører vidare vestover til Ålesund og austover til Romsdal og Austlandet.

Frå Hallvardsfjellet

Naturen er vakker og vekslande. Ørskog- og Vaksvikfjellet er mykje nytta utfartsområde for heile distriktet både sommar og vinter. Storfjorden går ned til ei djupn på omlag 700 meter. Fjorden er fiskerik og Ørskogvika er frå gamalt av kjend som ein god fiskeplass. Det foregår også sportsfiske i elvane etter laks og sjøaure.

Sjoeholt sentrum

Det er 3 hovudvassdrag i kommunen: Ørskog-, Vaksvik- og Solnørvassdraget. Det har vore busetnad i Ørskog frå dei eldste tider, noko fleire oldsaksfunn vitnar om. Kommunen har frå gamalt av vore eit kultursenter på Sunnmøre.

Solnedgang over Ørskogvika

Friluftsliv
Ørskogfjellet er eitt av dei store utferdsområda for friluftsliv på Sunnmøre. Særleg er det stor utfart av skiløparar på fine vinterdagar, og i påska er det særs stor tilstrøyming. Frå Ørskogfjellet kan ein gå over Kvandalen og kome ned til Sollisæter på Vaksvikfjellet, som også er eit ettertrakta friluftsområde både sommar og vinter. Vaksvikfjellet er utgangspunkt for mange flotte fjellturar både sommar og vinter, herifrå kan ein gå både på Lauparen (1434 m.o.h) og Høgsvora (1164 m.o.h

Kilde; Ørskog.kommune.no
 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet