Norddal kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 1795
Fylke: Møre og Romsdal
Siste stillingsannonser
Ledige jobber i Norddal
11.09.10, 15:58
IKT-Ansvarlig
10.11.09, 11:14
Journalist
03.11.09, 13:59

Vis alle stillingsannonser i denne kommunen

Presentasjon av Norddal kommune

Norddal kommune ligg på indre Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen består av fem bygder rundt Norddalsfjorden – Eidsdal og Norddal på sørsida, og Tafjord, Fjørå og Valldal på nordsida.

EIDSVATNET

Kommunesenteret ligg i Valldal,
og i heile kommunen er det om lag 1800 innbyggjarar. Vill og vakker natur, godt
klima og gode tilhøve for friluftsliv er nokre av våre fremste varemerke. Norddal
ligg mellom to av dei store fyrtårna i norsk reiseliv – Geirangerfjorden og
Trollstigen. Nasjonal Turistveg går gjennom kommunen, og på denne strekninga
er det fleire fine stoppunkt. Om lag 500.000 turistar passerer her årleg.
I sommarhalvåret aukar folketalet på grunn av mange campingvogner og hytter,
i tillegg til utanlandske sesongarbeidarar som kjem hovudsakleg for å plukke
jordbær og frukt. Norddal er verdsarvkommune, nasjonalparkkommune og har
fleire landskapsvernområde. Kommunen er den femte største i fylket med sine
941 km2. Det er vel ein times køyretid til Ålesund.

Sentrum Eidsdal

Ein kommune for alle
Norddal kommune skal vere ein god stad å leve for alle. Det tyder høg kvalitet på
tenester som vert ytt. Kommunen har god barnehagedekning, og fine skular som
innbyr til positiv læring. Kulturskulen er svært populær, og ein kan velje mellom
ei rekkje aktivitetar. I kommunen er ein sjukeheim og fleire omsorgsbustader der
ein kan få kjøpt heimelaga mat kvar dag. Kommunen ønskjer aktive bygdelag der
folk bur, og har difor eit desentralisert tenestetilbod.

Mulfoss Tafjord

Natur – Kultur – Helse
Tanken er gjennom natur- og kulturaktivitetar å skape miljø som er samansette, inkluderande og uformelle. Kraftsenteret er både ein frivilligsentral og ein nærmiljøsentral, med ulike tilbod til innbyggjarane i kommunen. God helse er ei kjelde til godt liv. Kommunen satsar difor på folkehelse og velvære, mellom anna gjennom God Helse-programmet til Møre og Romsdal fylke.
Det er alltid noko å fylle fritida si med i Norddal. Vi er stolte av å ha engasjerte og dyktige menneske som gjennom ulike lag og organisasjonar er med og skaper eit rikt kulturliv heile året. Her er eit yrande folkeliv om sommaren, og fleire større arrangement. Det finst gode idrettsanlegg i alle bygdelag. Kommunen satsar aktivt på ungdomsarbeid, og det finst fleire ulike møteplassar for denne gruppa.

Vinterbilde Fjørå

Vi har gode tilhøve for fiske, fjellturar, klatring, rafting, padling, terrengsykling, ski og mykje meir. Tafjordfjella er eit godt tilrettelagt turområde med merka stiar, betente og ubetente hytter (Den Norske Turistforening). Her ligg den høgste fjell-toppen vår, Pyttegga (1999 moh).
Kvar bygd har sitt særpreg, og samla utgjer dei eit mangfald både innanfor kultur, næring og opplevingar

Kilde; norddal.kommune.no
 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet