Vaksdal kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 4110
Fylke: Hordaland

Presentasjon av Vaksdal kommune

E-post Skriv ut
Hvorfor flytte til Vaksdal sier du..? "Flott Fjell- og fjordnatur, Fiske- og friluftsliv, Garantert skiføre, Ledige Boligtomter, Gode skular og barnehagar, Godt idrettsmiljø og et Trygt sted å vekse opp", sier vi da!

Stanghelle
Stanghelle

Beliggenhet
Vaksdal kommune ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Naturen i Vaksdal varierer frå høgfjell og dalar til djupe fjordlandskap. Det er isen som for 10 000 år sidan på sin veg frå høgfjellet forma ut denne flotte naturen.
Stamvegen mellom Bergen og Oslo, E16, går gjennom store delar av kommunen og gjev effektiv kommunikasjon mot aust-vest. Sentral plassering gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Bergensbana / Vossabana går også gjennom kommunen. Stasjonar på Vaksdal, Stanghelle og Dale. Dei aller fleste toga mellom Bergen og Oslo stoppar på Dale og Vaksdal. Den gjer at mange innbyggjarar (ca.500) pendlar til Bergen. Opningstidene i barnehagen er difor tilpassa rutetidene til NSB. Dette har vore ein suksess som gjer det mogleg å pendla.

Daledagane 2010
Daledagane 2010

Bynært bygdeliv
Om visjonen Bynært Bygdeliv seier ordførar Eirik Haga; "Eit bynært Bygdeliv vil for oss seia at me kan nyta godt av og bu i dei kvalitetane som ligg i bygda, samtidig som me kan nytta Norges nest største by, Bergen, sitt rike kultur- og uteliv og vintersports- og ekstremsportseldoradoet Voss sine mange tilbod".
Lag og foreninger
Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk,idrett og lagsliv. På internett ligg ein lag og organisasjonsmodul der laga sjøv kan gå inn og registrera seg og aktivitetane sine.
Daledagane (sjå bilete over) har vorte ein årleg tradisjon, med stor oppsluttnad.
Tomter/ bustad og etablering
Vaksdal kommune yter tilskot på kr 50.000 pr bustad for aldersgruppa 18 til 45 år ved privat bygging/evt kjøp av nybygd husvære på min. 50 kvm. Les mer her.
I kommunen er det elles tre typar areal der det ligg til rette for bustadbygging - les mer om regulerte byggeområde her.
Under ser du bilete frå Stamnes sentrum - der det finst leilegheiter til sals.  Her ligg og flotte Stamnes barnehage.  Les mer om etablering her.

Stamnes sentrum
Stamnes sentrum

Barnehagar og skuler
Vaksdal kommune har vel 4.100 innbyggjarar. Vi har god barnehagedekning og fritidsordningar ved skulane (bilete av Stamnes barnehage under).
Hovedopptaket til barnehagar er om våren til plassar som blir ledige fra august. Handsaming av søknadene til hovedopptaket skjer i mars-april. For oversikt over de ulike barnehageenhetane - gå hit.
Det er 5 skuler totalt - både barne- og ungdomsskule. I tillegg har kommunen eigen kulturskule - Vaksdal kulturskule.
Årleg villmarksleir for unge
Vaksdal kommune er kjent for sin årlege villmarksleir i Bergsdalen. Her får unge høve til å verta kjent med naturen - fiske og andre aktivitetar står på dagsorden.
Kommunen er elles kjent for fantastisk natur for både barn og vaksne!

Stamnes barnehage
Stamnes barnehage

Avstandar
Du kan enkelt pendla med tog.  Avstandar til Bergen:
Frå Dale; 45 min.
Frå Stanghelle; 40 min.
Frå Vaksdal; 30 min.
Meir informasjon
Ønsker du meir informasjon vedrørande Vaksdal kommune og moglegheiten for å flytte hit?
Bruk ein av følgjande kanalar;
+ www.vaksdal.kommune.no
+ Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
+ Tlf 56 59 44 00
+ Ordførar er Eirik Haga
 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet