Tysnes kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 2780
Fylke: Hordaland
Siste stillingsannonser
Ledige jobber i Tysnes
11.09.10, 16:26
Energimontør
27.10.09, 21:03
Økonomileiar
27.10.09, 20:57

Vis alle stillingsannonser i denne kommunen

Presentasjon av Tysnes kommune


Tysnes kommune er ei øygruppe litt sør for Bergen. Innbyggjartalet er om lag 2800. Kommunen er landfast over Lukksund bru. Det er gode kommunikasjonar. Reisetida til Bergen er om lag 1 time og 20 min., og til Stord om lag 35 min

Bakkafossen i Lunde

[ Link til Tysnes kommunes nettside ]
[ Link til Tysnesguiden - "Opplev Tysnes" ]

Tysnes er ei mytisk øy med mykje kultur og historie. Njardarlog, som er det gamle namnet på Tysnes, kjem av grødeguden Njord. Det var ei tid det religiøse senteret for store delar av Vestlandet.
Tysnes er rik på natur og overalt finn du skogsvegar og stiar. Her er fint terreng for korte eller lengre fotturar eller skiturar

Utsyn over Tysnesbygda

3012 har eit ønskjemål om tretusen innbyggjarar på Tysnes innan 2012! Ei aggressiv, akademisk utsegn frå kommunestyret i Tysnes kommune.
Mange distriktskommunar treng fleire innbyggarar til å medverka til å oppretthalda offentlege tilbod som barnehagar, skuler, osv. Det følgjer overføringar frå Staten til kommunane både i høve til bygging og drift. Utan slike overføringar, vert det kommunale tenestetilbodet innskrenka. Fleire innbyggjarar fører til større aktivitet i samfunns,- nærings- og kulturlivet. Fleire innbyggarar gjev ein positiv spiral på alle område. - ”Big is beautiful”!

Onarheim kyrkje

For å skapa entusiasme og engasjement som i siste lekken medverkar til auka folketal, er dei kommunale visjonane konkretiserte i eit tiltaksprosjekt som vert kalla 3012 og som går over 2 år; 2008 og 2009.

(Kilde; tysnes.kommune.no og wikipedia)
 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet