Modalen kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 350
Fylke: Hordaland

Presentasjon av Modalen kommune

Modalen kommune ligg inst i Osterfjorden og har dramatisk natur, bratte fjell, fossefall og store vidder.
Her er gode høve for friluftsliv og rekreasjon; fotturar i Stølsheimen, og godt fiske i fjord, elv og vatn.

Dagvatnet ved Urdalskaret, Halset

Kommunesenteret Mo er også verd ei vitjing. Langs den sermerkte bryggjerekka med kaipromenade er det tilrettelagd for båtturisme. Modalen båthamn var kåra til Hordaland sin tredje beste i 2000. Den er svært populær for båtturistar frå både fjern og nær. Den kvite sandstranda er ein fin tilhaldstad for småbornfamilier ein sommardag. Her er sanitæranlegg, butikk, post og restaurant i nærleiken.

Flott natur i Modalen

Som første kommune i Noreg har Modalen tilbydd innbyggjarane sine eit trådlaust nettverk med internetttilkopling til fritt bruk. Kommunen var òg den første som kjøpte datamaskinar til alle skuleelevar i 1993. Ressursane til dei store investeringane kjem hovudsakleg frå dei store inntektene frå vasskrafta.

Utsikt over Mo

Interesser i Modalen: Uni Micro (dataverksemd), Bryggjeslottet (samfunnshus, bowling, badebasseng), Coop Marked, Modalen Sjø og Fritid (turistverksemd) m.fl.

(Kilder; modalen.kommune.no og wikipedia)
 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet