Jondal kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 1025
Fylke: Hordaland

Presentasjon av Jondal kommune

E-post Skriv ut
Drømmer du om å flytte til Hardanger? Å bo i et fantastisk rike? Jondal kommune har omlag 1025 innbyggjarar, har 50 km strandline og eit landareal på 210 km2. Folgefonna nasjonalpark utgjer 1.19 km2 av kommunen sitt areal.

Ein haustkveld frå ferga
Ein haustkveld frå ferga

Jondal sentrum er kommunesenter med omlag 400 innbyggjarar.
Kommunesenteret er lokalisert geografisk omlag midt i kommunen, og har infrastruktur som ein liten tettstad med to daglegvarebutikkar, hotell og gjestgjevarstad, gjestetun, bank, lensmannskontor, tannlege, fysioterapi, kommunehus, landsbykontor, blomebutikk, turistkontor, kyrkje og kyrkjelydskontor, ungdomshus, bedehus og med skule, barnehage, kulturskule og sjukeheim i utkanten.

Fra Folgefonna
Fra Folgefonna

Kommunesenteret har ferjekai med avgangar til tørvikbygd omlag kvar time, buss stopp for bussar til Utne og bussruter i kommunen.
Ved Jondal skule er det kunstgrasbane, ballbinge og friluftsområde med tilrettelagt tursti langs elva. Skulen har symjehall, gymastikksal og bibliotek.

Torsnes
Torsnes

Frå sentrum er det omlag 20 km (Og 1200 høgdemeter) til Folgefonn Sommarskisenter i retning Krossdalen. Utover fjorden kjem ein til bygda Kysnes og vidare til Årsand. Innover fjorden passerer ein Sollesnes, Svåsand og kjem til Herand. Ved Herand, på Åsleite, går kommunegrensa mot Ullenssvang herad.

Kilde;
www.jondal.kommune.no

 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet