Du er her: Forside | Hordaland | Fusa | Presentasjon
Fusa kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 3820
Fylke: Hordaland
Siste stillingsannonser
Ledige jobber i Fusa
01.02.10, 15:00
Kvalitetsleiar
02.12.09, 09:48
Helsefagarbeidar
25.11.09, 09:48

Vis alle stillingsannonser i denne kommunen

Presentasjon av Fusa kommune

Fusa kommune ligg sentralt i Hordaland mellom Hardanger og Bergen og mellom Sunnhordland og Nordhordland. Fusa ligg i det frodige og opne fjordlandskapet i Midthordland. Her er det vidare og lysare enn i dei indre stroka av fylket.

Fusa kyrkje

Det er ei lang kystline på 137 km med mange holmar og skjær, samstundes som ein har fjellheimen i ryggen mot aust med toppar opp til 1299 m.o.h., med Tveitakvitingen i grenseland til Kvamskogen.
I kommunesenteret Eikelandsosen finn ein m.a. dei offentlege kontora, felles ungdomsskule og vidaregåande skule.

Fusa

Fusa kommune er stor i utstrekning med sine 378 km2, men relativt liten i folketal med vel 3750 innbyggjarar. Fusa-samfunnet har likevel eit vitalt miljø med både aktivt kulturliv og eit driftig næringsliv. I motsetnad til mange andre distriktskommunar opplever Fusa ein viss oppgang i folketalet. Mykje av grunnen til dette er at Fusa ligg i pendlaravstand til Bergen og at Fusa har hatt verksemder som har ekspandert med auka aktivitet i seinare år.

Henanger Fusa

På kultursida er Fusa prega av at ein har mange livskraftige bygder og grender med trygge oppvekstmiljø og mykje organisert aktivitet, særleg for born. Det kommunale kulturarbeidet vart i 1998 heidra med å bli kåra til årets kulturkommune i Hordaland. Det er særleg idretten og skiskytinga som har sett Fusa på verdskartet! Hålandsdal idrettslag har fått fram fleire store talent gjennom åra. Søstrene Ann-Elen Skjelbreid og Liv Grete Skjelbreid Poirée har henta heim OL-medaljar både frå Nagano og Salt Lake City og er kommunens fremste kultur-ambassadørar.
Bilde4
I seinare år har fleire kunstnarar flytta til kommunen og har vorte viktige aktørar i det lokale kulturlivet. Laurdag 21. juni 2003 er ein merkedag for Fusa og kunsten. Då vart Fusa proklamert som eige kongedøme av Fusa-kunstnaren Morten Holmefjord som sjølv vart krona til visekonge av Fusa under ei høgtidsam seremoni på Eide i Hålandsdalen.
Fusa er for mange utafor allfarveg, men eigentleg i hjarta av Hordaland. Eit Noreg i miniatyr og no eit kongedøme i kongeriket!

(Kilde; fusa.kommune.no)
 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet