Du er her: Forside | Hordaland | Fjell | Presentasjon
Fjell kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 21820
Fylke: Hordaland

Presentasjon av Fjell kommune

E-post Skriv ut
Drømmer du om å flytte ut mot havet? Fjell kommune - frå storby til storhav på under ein halv time!

Naturbilde fra Fjell kommune
Naturbilde fra Fjell kommune

Fjell kommune, det moderne og pulserande øysamfunnet rett vestom Bergen, raskt veksande bustad- og industriområde og eit innhaldsrikt kommunesenter på Straume.
Kommunen har fastlandssamband til Bergen, stor tilflytting og eit ekspansivt næringsliv bygt på olje, teknologi og service. Kystbasen CCB og Ågotnes Industriområde er Vest-Noregs viktigaste senter for service og forsyningstenester til olje- og gassverksemda i Nordsjøen.

Fra Fjell kommune
Fra Fjell kommune

Fjell er ein nærings- og tilflyttingsvennleg kommune, og menneske og verksemder trivst og blir verande. Dei kommunale tilboda er der folk bur. Vi har i dag 18 grunnskular, kulturskule, vaksenopplæring og vidaregåande skule. Våre to tusen barn under seks år kan velja mellom 9 kommunale og nær 30 private heildags- og korttidsbarnehagar.
Eit mangfaldig foreinings- og kulturliv - med idrettsanlegg, symjebasseng og fotballbaner, lokale kulturbygg, kystkultursenter og tre kyrkjer - legg til rette for kulturelle møtestader og sosiale nettverk.


Naturen byr på rekreasjon og gode opplevingar, med lyngheiar og svaberg, blenkjande vatn og ope hav. Her kan du fiska frå land, dykka og rafta, padla, ro eller segla, vandra i strandkanten eller klatra i bratte fjellsider.

Mer informasjon;
http://www2.fjell.kommune.no/Om_Fjell/Om_kommunen/

Kilder;
www.fjell.kommune.no

 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet