Fitjar kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 2930
Fylke: Hordaland

Presentasjon av Fitjar kommune

Fitjar er kjend som sogebygda i Sunnhordland og høvdingane her, "Fitjung-sonum", er nemnde i Håvamål, det eldste sogeskriftet i Noreg. I Fitjar har det levd folk heilt sidan den eldre steinalderen, men det finst berre få og usikre spor etter steinalderfolket i Fitjar.

 


 

[Besøk også innbyggerportalen KomTilFitjar.no her]komtilfitjar


I Fitjar er skule- og barnehagetilboda gode, og det er eit rikt utval av lag og organisasjonar som gjev gode fritidstilbod, både til born og vaksne innan idrett, musikk, kultur og kristenliv - i tillegg til meir uorganiserte tilbod.
Næringslivet har klart seg bra gjennom finanskrisa, og det er framleis gode jobbmogelegheiter i Fitjar. Likeeins er det ledige tomter, både for dei som ønskjer seg hus, og dei som er ute etter ei hyttetomt.

Havna på Fitjar

Kultur og idrettsbygget
Fitjar har eit fargerikt og variert kultur- og organisasjonsliv. Fitjar Idrettslag er det største laget i bygda. Me har ein flott, ny idrettspark, og vinter 2001 opna me idrettsdelen i det nye kultur og idrettsbygget. Me vonar at det ikkje skal gå altfor lang tid før kulturdelen kan takast i bruk. Målet er å skapa eit allsidig og godt kultur- og idrettsbygg for den einskilde innbyggjar, lag og organisasjonar, næringsliv og nyetableringar - samt skular og institusjonar. Allereie no har ein eit bygg som gjev ei god ramme for trening og konkurransar, stemner og møter - eller utstillingar og messer.

Idrettsparken
Fitjar idrettspark ligg om lag 1 km nordover frå Fitjar sentrum med innkøyring frå riksveg 545. Anlegget er i ferd med å bli utbygd til ein komplett , topp moderne fotball- og friidrettsarena med internasjonale mål. Grasbane vart teken i bruk i 1990, og i 1998 fekk anlegget nytt klubbhus og garderobeanlegg. I tillegg til dei flotte tilhøva for fotball og friidrett, har idrettsparken óg anlegg for handball og tennis.

Me har óg eit rikt og mangfaldig song- og musikkliv, og revytradisjonane står sterkt. Representantar frå Fitjar har m.a. gjort stor suksess på revyfestivalen på Høylandet.
Fitjar kirke

Fitjar kyrkje
Kyrkja og det kristne arbeidet står sterkt i bygda. Kyrkja ligg vakkert til attmed Håkonarparken, midt i Fitjar sentrum. Fram til 1866 stod her ei steinkyrkje frå 1100 talet. Stein frå den gamle Fitjar-kyrkja finn ein att i steingarden rundt kyrkjegarden. Litt av inventaret er óg teke vare på.

Bibliotek
Midt i sentrum ligg det nye biblioteket vårt. Etter at biblioteket har starta med videoutleige og fått dataterminalar knytt til Internett, har aktiviteten auka og ein har fått kontakt med nye brukargrupper. Biblioteket blir óg nytta som arena for utstillingar og kulturkveldar.

Fitjarfjella

Fitjarøyane og fjellheimen
Fitjarøyane er unike i landssamanheng og utgjer ein ressurs for kommunen.Området vart føreslått som nasjonalpark på grunn av sitt særeigne lyngheilandskap. Fitjar består av eit mylder av øyar og skjer med grunne sund og renner imellom. Tradisjonsrike skipsleier går gjennom området, med fleire handelsstader med tradisjon attende til 1648. Fitjarøyane er svært attraktive som båtutfartsområde.
Fitjar har også ein fjellheim som er lett tilgjengeleg, og som representerer gode høve til rekreasjon på fritida.

Fitjar ligg sentralt til med kort veg til Stord, Bergen og Haugesund. Frå Fitjar sentrum er det ca. 7 km til ferjestaden Sandvikvåg med ferje til Halhjem / Bergen kvar halve time.

Reisetid til Haugesund gjennom den nyopna Bømlafjordtunnellen er no ca 1 time.

Dessutan er det berre ca 20 min. til Stord Lufthamn som har flyforbindelse til Oslo 4 gongar dagleg.
 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet