Du er her: Forside | Hordaland | Etne | Presentasjon
Etne kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 3865
Fylke: Hordaland

Presentasjon av Etne kommune

Etne kommune ligg sør i Hordaland fylke og grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda kommunar; dei tre sistnemnte ligg i Rogaland
Totalt flatemål er 708 kvadratkilometer og innbyggjartalet er om lag 4.000. Rundt halvparten av desse bur ved 2 tettstadane Etnesjøen og Skånevik.

Etnaelva

Mellom stupbratte fjell skjer den omlag 3 mil lange Åkrafjorden seg inn i landet til fleire smågrender. Grøderikt jordbruksland er kransa av fjell, fjordar og eit idyllisk øyrike.

Taraldsøy

Etne er eit godt utgangspunkt for turar til byane Haugesund, Stavanger, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.Etneelva er ei av dei mest attraktive lakseelvane på Vestlandet. Fiskesesongen er frå juni til september, med utleige av fiskesoner på døgnbasis. Det er gode tilhøve for ferskvassfiske i Stordalsvatnet og i meir enn 40 fjellvatn.

Utsikt Folgefonna

Det er over 100 aktive lag og foreiningar i kommunen, så fritidstilboda er mange. I sommarhalvåret står desse bak dei fleste arrangementa som går føre seg i bygdene, der Etnemarknaden i august er største einskildarrangement. Torgdagane og Skånevik Bluesfestival er også store einskildarrangement.

(Kilde; etne.kommune.no)
 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet