Austrheim kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 2710
Fylke: Hordaland

Presentasjon av Austrheim kommune

Vurderer du å flytte til vestlandet? Flytte til kysten og et flott kulturlandskap? I 2010 markerer Austrheim 100 år som eigen kommune. I 1910 vart kommunen skild ut frå Lindås kommune.

Båttur i Austrheim
Båttur i Austrheim

I dag er landskapet bunde saman av 13 større og mindre bruer.
I kommunen møter du motsetnadene mellom det nye og det gamle gjennom vandring på historiske kulturstiar og oljeanlegget på Mongstad som kontrast.
Det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg, Vardetangen, ligg i Austrheim.

Austrheim
Austrheim

Austrheim ligg lengst vest i landet, og dette ber lanskap og naturen her preg av. Mange fine øyar, holmar og sund ligg og demmer opp for storhavet utanfor.
Vardetangen - Noregs vestlegaste fastlandspunkt.
Me er stolte over at dette flotte naturområdet ligg like utanfor stovedøra vår. Dette er eit lett og godt turområde der ein kan sjå havet utanfor, og fylgja med båttrafikken inn mot ei av dei travlaste hamnene i Europa, Mongstad.
Bilde3
Austrheim er ein kulturkommune. Me har eit rikt og variert kulturliv der lag og organisasjonar står sentralt. Ein del årlege arrangement er med å setja kommunen på kartet, mellom anna markering av kystkulturen gjennom Fonnesdagen, Austrheim cup i fotball, bygdekveldar og ikkje minst Kulturdagane i Austrheim som vert arrangert annan kvart år.

Besøk også;
www.austrheim.kommune.no
www.ungiaustrheim.no

Kilder; Austrheim kommune

 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet