Bygland kommune
Om kommunen


Antall innbyggere: 1230
Fylke: Aust-Agder
Siste stillingsannonser
Ledig jobb
29.01.10, 10:33

Vis alle stillingsannonser i denne kommunen

Presentasjon av Bygland kommune

Bygland kommune er ein triveleg plass å bu, og det er trygt for barn å vekse opp i oversiktlege lokalmiljø.

Årdalsknaben i desembersol
Årdalsknaben i desembersol

Kommunen har satsa sterkt på å legge til rette for nye arbeidsplassar, og behalde eksisterande verksemder. Dette har bl.a. ført til at Bygland har hatt fleire arbeidsplassar enn ein "brukar sjølv" på store delar av 90-talet. Det er betydeleg innpendling frå nabokommunen Evje&Hornnes. Søndre del av Bygland og Evje er ein felles arbeidsmarknad.
Kommunen satsar sterkt på ny utvikling i Bygland sentrum, med bl.a. tilrettelegging for IT-miljø i moderne lokale med framført breidband datanett. I sentrum blir det satsa på trivselstiltak, og m.a. er det opna ein ny ungdomsklubb med data-, multimedia- og musikkutstyr.

Utsikt frå Fånefjell
Utsikt frå Fånefjell

Borna i Bygland har mange tilbod på fritida, og det frivillige organisasjonslivet er aktivt. Den nye ungdomsklubben er kveldsopen onsdag og fredag, og samlar 30-50 undomar kvar gong. Bygland samarbeider med Evje & Hornnes kommune om kulturskule.

I kommunesenteret er det lagt ned mykje midlar på friområdet på Tangen. Her er flott badestrand midt i sentrum. Dette området gjev stor trivsel og godt bumiljø i Byglandsbygda. Det er cafè & pub like ved friområdet, samt eit lite miljø av kunstverksemder i Bygland (glashytte & kunstatelier) som vil bli utvikla vidare (m.a. sølvsmed). På Nesmoen nær sentrum er også badeplassen Gullsand, med Bygland Fjordhotell som næraste nabo.

Kilde; bygland.kommune.no

 
Kontakt oss - HitTilOss.no 2010 © Beskyttet av lov om opphavsrett - Design og utvikling: Helgøy Design




Siste fra eiendomsmarkedet